England
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
| Kongeleg motto: Dieu et mon droit (fransk: Gud og min rett) | |||||
| Offisielt språk | Engelsk (i røynda) | ||||
| Hovudstad | London | ||||
| Flatevidd - Total |
130.395 km² |
||||
| Folkesetnad (2001) - Total - Tettleik |
49.138.831 377/km² |
||||
| Valuta | Britisk pund | ||||
| Tidssone | UTC | ||||
| Nasjonalsong | God Save the Queen (i røynda) | ||||
| Nasjonalt toppnivådomene | .uk | ||||
England er den største og mest folkerike av dei fire nasjonane som utgjer Storbritannia. England ligg i den søraustlege delen av øya Storbritannia, og grensar direkte mot Wales og Skottland.
Namnet England kjem frå anglarane, eit av fleire germanske folk som kom til øya i det 5. og det 6. hundreåret. Området var på den tida delt i fleire riker, sju av dei blei i fellesskap omtala som Heptarkiet og var dei viktigste. Samlinga til eitt rike fann stad i det 8. og det 9. hundreåret, og blei rekna som fullført under Alfred den store (regjerte 871–899).
England blir styrt direkte av det britiske parlamentet, og har lenge vore det politiske sentrum i Storbritannia. Hovudstaden i England, London, er òg heile hovudstaden i heile Storbritannia. Mot slutten av det 20. hundreår starta ein prosess mot auka regionalt sjølvstyre i Skottland og Wales, då det blei oppretta regionale parlament.
[endre] Administrativ inndeling
Historisk sett utgjer grevskapa (counties) det regionale nivået i England. Desse utvikla seg frå gamle politiske einingar frå før samlinga av England, slik som kongerika Sussex og Kent. Andre utvikla seg frå mellomalderlige einingar som hertugdømma Lancashire og Cornwall. Mange grevskap hadde ein grevskapsby (county town), og fekk namn etter denne (til dømes Nottinghamshire etter Nottingham).
Etter den industrielle revolusjonen med påfølgjande urbanisering blei det eit stadig større sprik mellom dei gamle grensene mellom grevskapa og busetjingsmønsteret. Det blei av den grunn nødvendig med ei rekke justeringar og reformer i lokalforvaltninga. Den siste reforma på 1990-talet gav ei inndeling i meir funksjonelle metropolitan counties sentrert rundt større byar (som til dømes Greater Manchester). I tillegg til dei 6 metropolitan counties blei område utan ein større sentralstad inndelt i 34 non-metropolitan eller shire counties. Dei gamle grevskapa blei tekne vare på som seremonielle grevskap.
Grevskapa - både metropolitan og non-metropolitan - er igjen delt i distrikt (metropolitan districts og non-metropolitan districts). Ei heilt ny forvaltningseining frå 1990-talet er dei 41 unitary authorities. Det er distrikt som har fått same administrative status som grevskap.
På det lågaste nivået i lokalforvaltinga finn ein dei verdslige sogna (civil parishes). Desse finst likevel ikkje overalt. London og fleire andre byar har ikkje verdslege sogn.
England har også fått ein heilt ny inndeling på eit høgare nivå enn grevskapa, dei ni regionane. Desse har ikkje folkevalde forsamlingar som grevskapa, men koordinerer visse lokalforvaltingsfunksjonar over større område. Regionane er også valkretsar for val til Europaparlamentet. Eit unntak er regionen Stor-London (Greater London), som både har ein eigen folkevald forsamling (Greater London Authority) og ein direktevald ordførar (Mayor of London). Dei 32 London boroughs og Corporation of London utgjer lokalnivået i hovudstadsregionen.
| Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland | ||
| England | Skottland | Wales | Nord-Irland | ||