BrowseAtWork.com:   [ UP ]   [Manage cookies]

Wikipedia:Vekas artikkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Snarveg:
WP:VA
WP:UA
Vekas artikkel Kandidatar Kalender

Skandinavisk: på bokmål på svensk på dansk

Hjelp for skandinavisk artikkelbytte: frå nb/til nb | frå da/til da | frå sv
I dag er det fredag, 9. januar 2009Oppdater sida
Arkiv: 200420052006200720082009 (Oppdatere tittel)    

Vekas artikkel er ein bolk på hovudsida som vert oppdatert ein gong i veka med dei første avsnitta frå ein utvald artikkel i lag med eit bilete.

Utvald artikkel denne veka: Romferja Columbia
Romferja Colombia under oppskytning

Romferja Columbia var den første romferja som vart teken i bruk av den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA. Bygginga av Columbia (1975 - 1979) gjekk føre seg hovudsakleg i Palmdale i California. Denne første ferda med romferja Columbia fekk ferdsnamnet STS-1, ei forkorting av Space Transportation System 1. To astronautar vart skotne opp med romferja den 12. april 1981, på tjueårsjubileumet for menneskeleg romfart.

Om morgonen den 1. februar 2003 var Columbia på veg tilbake til Jorda etter ein 16 dagars lang ferd. Omlag eit kvarter før romferja var planlagt å lande i Florida, mista NASA radiokontakten med romferja. Video-opptak viste at Columbia gjekk i oppløysing over Texas. Både romferja og heile mannskapet gjekk tapt. Ein bit frå drivstofftanken som hadde treft og skada vingen på Columbia, fekk skulda for ulykka.

Romferja Columbia flaug 28 romferder, hadde over 300 dagar i verdsrommet, fullførte 4808 gonger rundt jorda, og flaug over 200 millionar km totalt. Les meir …

Utvald artikkel neste veke:
Ei statue av Hillél på menoraen  ved Knesset.

Hillél (ca 70 fvt.10 evt.) var ein jødisk religiøs leiar og lærar. Han er ein av dei mest vørdte historiske figurane i jødedommen.

Hillél var født i Babylonia i det 1. hundreåret fvt. Familien hans var ætta frå Kong David og han studerte hjå dei mest vidgjetne jødiske lærarane («darsjaním») i dei dagane.

Hillél blei snart den fremste av alle studentane. Kunna hans var så djup at alle leiarane av akademiet, «Bene Bathyra», gjekk av til fordel for han. Han blei kjent som den høgaste av alle farisearane, og var i praksis andeleg leiar over alle jødar i resten av livet sitt.

Mellom anna sa han: «Det som du misliker, gjer ikkje det mot nesten din. Dette er heile lova; resten er merknader. Gå no og lær!»

Hillél påverka den jødiske livstilen i stor grad, og den jødiske tradisjonen ser han som eit sinnbilete på korleis ein religiøs leiar må framføre seg. Han sette den jødiske tradisjonen fri frå bokstavleg og streng tolking, og gav jødedom styrken til å overleva alle vanskane som religionen måtte takla i framtida. Les meir …

[endre] Val av vekas artikkel på nynorsk Wikipedia

Alle artiklar som har ei viss lengd og ein illustrasjon kan bli vekas artikkel. Nominering av nye kandidatar og diskusjon kan leggjast til på Wikipedia:Vekas artikkel/Kandidatar.

Dersom du ønskjer å føreslå ein særskild artikkel for ei særskild veke, kan legge inn eit forslag i kandidatkalenderen. Sjå årsarkivet for artiklar og diskusjonar, der du óg finn peikarar du kan legga inn forslag eller artikkelsnuttar på.

[endre] Utvalde artiklar på dei andre skandinaviske wikipediene

Nynorsk Wikipedia har óg artiklar frå dei andre skandinaviske wikipediaene på framsida. På meta:Skanwiki/Utvalgte artiklermeta-wiki kan ein finna desse artiklane og kopiera dei hit.

I artikkelutvalet frå éin Wikipedia som blir brukt på ein annan må ein endra peikarane slik at dei viser til wikipediaen på det opphavlege språket. Til dømes må peikaren [[1987]] endrast til [[:nn:1987|1987]] om han kjem frå Nynorsk Wikipedia, eller [[:sv:1987|1987]] om han kjem frå Svensk. Dette er greiast om ein gjer éin enkelt gong, når ein legg inn artikkelen på meta.

Personlege verktøy
På andre språk